Nye bilder

Flyttemelding

Førde bogeskyttarklubb takkar for følgje her på Origo. Grunnen til det er fleire, men sida her blir liggande som arkiv og som eit punkt for annonsere stevne og andre tilstelningar i Firda og Fjordaglimt.

Du finn den ordinære heimesida vår på bogeskyting.no, og vi har også ei side på Facebook

Førde kommune ønskjer ikkje bogeskyting i idrettsparken

Rådmannen i Førde og utvalet for arealforvalting presenterte i 17. september dei endelege planane for det som no ikkje lenger berre er ein idrettspark på Hafstad, men blir kalla «ein kultur- og aktivitetpark det vil gå gjetord om», Firda 18.09.2010. Men blant alle aktivitetane som skal få tumleplass i den nye parken, har ein altså bestemt seg for at bogeskyttarar ikkje passar inn. Dette kjem fram både i eit brev rådmannen la ved høyringutkastet og fastheld ovanfor Firda.

Klikk på bildet til høgre og sjå planen i detalj med treningsfelt for bogeskyting innteikna oppe til høgre. Det er dette området kommunen no vil ta ut av planen.

NM-gull til Tommy også

Vassendguten Tommy Gryttingslien som skyt for Førde bogeskyttarklubb, vann sin klasse recurve kadett under bogeskyttar-NM i Harstad søndag. Dermed tok han steget til topps på pallen også innandørs etter at han blei norsk meister utandørs i august. Under innandørs-NM i fjor blei det sølv.

Han var nummer tre etter innleidande 60-pilserie laurdag med 537 poeng, fire poeng bak bestemann. I finalerundene søndag skaut han seg fram til gull-finalen som han vann med 107 mot 105 poeng. Dermed fulgte han godt opp klubbkollega Bjørnar Burdahl som vann NM for historisk bueskyting forrige helg.

Historisk NM-gull til Førde BK

Bjørnar Burdahl blei norgesmeister då Norsk Langbuelag arrangerte NM for skyttarar med historiske bogar laurdag 13. mars. Til Firda fortel han at sigeren blei sikra med heimelaga boge av ask frå Sognefjorden. Poengmessig var resultatet langt frå den personlege rekorden han sette under KM i februar, men likevel heldt det med god margin til nummer to, som er innhavar av gjeldande norgesrekord.

Vi gleder oss over å ha endå ein norgesmeister i klubben, og håpar at recurveskyttarane Magnus Pilskog Stein og Tommy Gryttingslien følgjer opp når NM innandørs går av stabelen i Harstad 20. mars.

Mange blinkskudd i boge-KM

Førde bogeskyttarklubb og bogeskyttarkrinsen i Sogn og Fjordane avvikla i samarbeid laurdag innandørsstemne med innlagt KM i Førdehuset.

Med heile 21 skyttarar til stades inkludert fire mann frå Bergen og tre ulike bogetypar representerte var dette eit av dei største bogskyttarstemna som har vore avvikla i fylket på mange år. Det er ting som tyder på at bogeskyting er i ferd med å få ny vind i segla.

Nyttårsstemne i Førdehuset

Fjorten bogeskyttararar satt kvarandre stemne i Førdehuset laurdag 23.01.2010. Vi hadde deltakarar fro Loen i nord til Hyllestad i sør og fylte i mellom med eit godt knippe frå Førde og Gaular. Dei fleste var påmeldt med recurveboge, men det blei óg konkurrert med compound og tradisjonelle langboge. Her var utøvarar med lang fartstid og gode meritter, men like spanande var det med lovande talent som debuterte i konkurransesamanheng.

Dagens beste prestasjon sto Magnus Pilskog Stein for då han trassa forkjøling og eit snev av feber med å sette ny personleg rekord 18 meter/60 piler med 578 poeng. Stemnet blei avrunda med finaleskyting på tvers av klassar og bogetype, ein uhøgtidleg vri som viste at det ikkje alltid er utstyret som teller.

Sjå kven som dukka opp i linsa?

I sommar vart Universiaden arrangert i Beograd. Dette er ein slags olympiade for studerande idrettsutøvarar. I samband med dette laga det internasjonale bogskyttarforbundet et video innslag for sin eigen kanal på Youtube . I videoen får journalisten grunnleggande innføring i bogskyting og dessuten prøve seg, om enn på noko kortare hold enn i konkurransane. Men vent, er det ikkje noko kjent ved han som stadig dukkar opp i klippa der dei viser dugande skyttarar?

Visst er det ingen ringare enn vår eigen Magnus Pilskog Stein frå Førde. Sjølv om han ikkje fekk plass i finalene, fekk han i alle fall god plass i linsa og på nettet.

Invitasjon til bogeskyttarstemne i Førde

premiebordFørde BK og Sogn og Fjordane bogeskyttarkrins har i samarbeid gleda av å invitere til to bogeskyttarstemne i Førdehuset.

  • laurdag 23. januar 2010, påmelding innan 15. januar
  • laurdag 20. februar 2010, påmelding innan 9.februar

Det siste stemnet gjeld óg som KM for Sogn og Fjordane. Begge stemna er 60 pilar/18 meter for alle aproberte klasser. Finale blir skote i klassane senior, junior og kadett. Øyvind Andersen, Loen, vert hovuddommar.

Tronge tider på treninga

Sjå godt på bildet ovanfor. Tysdag 20. oktober var det seksten skyttarar inne på treninga i Førdehuset. For sjølv om Førde bogeskyttarklubb har mange meritter både før og i nyare tid, har vi vore blant dei minste klubbane i landet. Om oppmøtet denne kvelden er rekord veit vi faktisk ikkje, men ingen av dei som var til stades kan hugse at det har vore så mange skyttarar samla på ein og same treningskveld. Under konkurranse, ja, men altså ikkje på trening.

På bildet er ferskingar som berre har skutt med pil og boge i ein månad, og her er to norske meistrar. Her er tolvåringar og pensjonistar, her er dyre tekniske bogar og heimelaga tradisjonelt utstyr, funksjonsfriske og ein rullebrukar. I bogeskyting konkurrerar alle på like vilkår. Men vi har altså fått eit luksusproblem. Alle er framleis velkomne for å prøve seg, men skal du vere sikker på å få skyte bør du ha med eigen boge. På dagar som denne er alt utstyret vi har til utlån oppteke.

Sesongstart innandørs

Tommy og Magnus

I kveld, tysdag 15. september, opnar Førdebogeskyttarklubb sesongen innandørs i Førdehuset. Frå kl. 19.00 til 21.00 er vi i gang i hall 3, altså heilt innerst i idrettshallen. Her kan du få hilse på to norske meistrar av året og sende avgårde ei pil eller fleire.

Dobbelt bogegull i NM utandørs

Gullgutta

Magnus Pilskog Stein og Tommy Gryttingslien frå Førde bogeskyttarklubb er blitt norske meistrar under NM i skiveskyting utendørs i Sandefjord. I finalen i herrer recurve vann Magnus duellen mot Bård Nesteng, Fredrikstad som hadde beste resultat etter innleidande skyting på laurdag. Tommy hadde på si side beste resultat i klasse kadett gutar (13-16 år) laurdag, men måtte gjennom shoot-off for å tukte Simen Nyhaven frå Kristiansand i kampen om gullet. Etter dei ordinære tolv pilane sto dei likt, og i omskytinga ei og ei pil av gangen heldt Tommy nervane under kontroll og vann. I tillegg til dei to vinnarane deltok Ole Magnar Stein i klasse recurve herrar 50 og sikra seg 6. plassen her.

Tommy vann sølv i NM innandørs

Sølvgutten Tommy

Tommy Gryttingslien frå Vassenden skaut seg til sølvmedalje i klasse kadett gutar under NM innandørs i Sørlandshallen i Kristiansand. Han representerer Førde bogeskyttarklubb. Ungguten, som berre er fjorten år, blei krinsmeister i februar og tok no altså steget opp på NM-pallen for første gong. Tommy viste mykje sterk skyting gjennom heile meisterskapen, men måtte strekke våpen mot Joakim Skjæveland (16) frå Klepp i finalen.

'Historisk' KM i Førdehuset

Tradisjon

Det var historisk sus på meir enn ein måte då bogeskyttarane sitt KM innandørs gjekk av stabelen i Førdehuset. For første gong var skyttarar i tradisjonsklassen representerte. Desse skyt med naturlege bogar i heiltre og her er det ikkje tillatt å bruke sikte eller andre hjelpemiddel montert på bogen. Det var med andre ord klart for skikkeleg Robin Hood-skyting, og la det vere klart; Sjølv med sikte, stabilisatorar og alskens moderne kunststoffer til rådigheit skal du likevel trene godt for å tukte dei som beherskar denne historiske kunsten.

Bogeskyttarstemne i Førdehuset

Bogeskyting i Førdehuset

I samarbeid Sogn og fjordane bogeskyttarkrins ønskjer Førde bogeskyttarklubb alle bogeskyttarar eit godt nytt ‘skotår’ og inviterar til stemne i Førdehuset laurdag 10. januar 2009. Publikum har fri entre.

Nye treningstider i Førdehuset

Rullestol ingen hindring

Med NM i Sandefjord og sølvmedalja til Magnus runda eigentleg utandørssesongen av, og etter kvart sett veret her i Sunnfjord ei grense for kor mykje utbytte ein har av å sjå pilane blåse bort på veg mot blinken oppe på Halbrend. I praksis tek vi no ein pause fram til 1. oktober og startar opp innandørs i Førdehuset då. Så noter deg allereie no at vi har fått nye treningstider for innandørssesongen.

NM-sølv til Magnus Pilskog Stein i bogeskyting

Premiejubel

Tommy Gryttingslien, Ole-Magnar Stein og Magnus Pilskog Stein frå Førde bogeskyttarklubb tok turen til Sandefjord denne helga for å kjempe mot dei beste bogeskyttarane i landet. Vi visste at alle disse var i stand til å hevde seg og vart difor ikkje overraska då alle tre tok seg vidar til finalane i sine respektive klasser. Men bevares, vi er utruleg stolte.

Førde bogeskyttarklubb

Følges av 2 medlemmer.

Denne sonen er eit supplement for nettstaden vår. Bogeskyting kan vere ein sosial hobby, god mosjon og stor idrett. Klubben vart stifta i 1968 og har fostra fleire utøvarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.
.
Her vil vi legge ut allmenne opplysingar om hendingar, treningstider, stemneinvitasjonar og resultat. Meir utfyllande artiklar, fleire bilde og anna finn de på bogeskyting.no Mer om sonen

Denne sonen er lukket for nye medlemmer.

Origo Førde bogeskyttarklubb er en sone på Origo. Les mer
Annonse